Næringsstiftinga i Sogn og Fjordane ynskjer gode idéar

Agenda Vestlandet, ei stifting frå Sparebanken Norge har sett av midlar til ei næringsstifting i Sogn og Fjordane. Midlane frå stiftinga skal i fyrste rekke gå til gode næringsidéar i ei tidlig prosjektfase, og midlane er øyremerka grøn omstilling og berekraft.

Søk støtte frå Nyskapingsfondet her

Har du spørsmål?

Kunnskapsparken Vestland er sekretariat for fondet, og evt. spørsmål kan rettast til:

Jøril Hovland, tlf 48219780

Styret i Næringsstiftinga består av:

  • Sigrid Eikeland (Firda Billag), styreleiar
  • Arild Sandvoll (Sparebanken Norge), nestleiar
  • Halvor Gregusson (Rocketfarm), styremedlem

Søknaden må innehalde

  • Søkar
  • Selskapsnamn
  • Namn og adresse til søkar

Kort beskrivelse av forretningsidé/prosjekt (maks 1000 ord)

  • Kva produkt/teneste skal utviklast?
  • Kvifor er det behov for produktet/tenesta?
  • Kva er ønskeleg resultat for prosjektet?
  • Vil idéen/prosjektet gje nokon positive effektar? For bedrifta, kunden, samfunnet?
  • Kva er største utfordringa for realisering av idéen/prosjektet?

Marknad og vekstpotensiale (maks 500 ord)

  • Kven er produktet/tenesta retta mot; dvs beskriv marknad, målgruppe, kunde.
  • Kva er det vidare utviklingspotensialet; kor stort kan dette bli?

Sjå meir info på Kunnskapsparken Vestland sine sider