Siren Sundland i svart blazer står med armene i kors og smiler svakt foran en mørk, mønstret vegg.

Leiartrening

Er du ei av dei nye deltakarane i Women in Tech?

Den som pregar teknologien, pregar framtida. Vi tilbyr skreddarsydd og inspirerande leiartrening til kvinner som jobbar med teknologi. Søk no!

Målet for kurset er at du som deltakar skal få fleire verktøy for å styrke dine ferdigheiter innan strategisk historieforteljing og gjennomslagskraft. Samlingane vil gje deg fagleg påfyll, praktisk trening og eit nettverk av andre, kunnskapsrike teknologar.

Kurset er for kvinner på Vest- og Sørlandet som jobbar med teknologi, ønsker å utvikle seg og er eller har ambisjonar om å vere leiar.

Dette får du som deltakar:

  • Individuell coaching av Sarah Cartwright
  • Utvida perspektiv på rolla som leiar på teknologifeltet
  • Trening i å styrke din posisjon og di gjennomslagskraft som leiar
  • Innsikt i eigne styrkar og eigen motivasjon
  • Eit større nettverk av andre, kunnskapsrike kvinner som satsar i teknologibransjen

Siren Sundland er konserndirektør for teknologi og utvikling i Sparebanken Norge og kjende sjølv på usikkerheit då ho fekk ansvar for banken sitt teknologimiljø, trass i lang leiarerfaring.

– Eg følte meg ikkje som ein ekte teknologileiar, for eg er jo ikkje teknolog. Men sanninga er at erfaring, kulturforståing og leiarskap også er byggjesteinar i teknologien.

Mangelen på kvinnelege rollemodellar er ei av utfordringane feltet står overfor. Sjølv om kvinner er overrepresenterte i høgare utdanning generelt, ser biletet heilt annleis ut innan teknologifaga. Her kan kvinner utgjere så lite som ein fjerdedel av studentane.

– Forskinga er eintydig på dette området: Det einaste som aukar kvinneandelen i mannsdominerte yrke, er rollemodellar. You can’t be what you can’t see, seier konserndirektøren.

Det var også bakgrunnen for at Sundland starta Women in Tech i 2022, eit initiativ som seinare blei trekt fram då Atea kåra henne til Årets digitaliseringsleiar.

På Women in Tech får deltakarane relevant kunnskap, verdifulle ferdigheiter og eit nettverk som vil gjere gjennomslagskrafta deira endå sterkare.

Siren SundlandInitiativtakar, Women in Tech og styreleiar i Agenda Vestlandet

Kurshaldar er leiartrenar Sarah Cartwright, som er busett i London og ein av dei fremste spesialistane på kultur, kommunikasjon og prestasjon innan teknologifeltet. Ho leier det seks månader lange kurset, og deltakarane vil få individuell coaching og rettleiing frå henne undervegs.

Kundelista hennar inkluderer Oljefondet, BBC, Louis Vuitton, Goldman Sachs, Barclays og Microsoft. Cartwright er òg ein av grunnleggarane av Verve Women, ein organisasjon som set søkjelys på kvinnelege leiarar innan teknologi.

– Women in Tech er utvikla for å styrkje deg og løfte karrieren din. Å få ein av dei få plassane på programmet er ei unik moglegheit, og vi ønskjer deltakarar som verkeleg satsar på si eiga utvikling. Det krevst meir enn berre å møte opp på samlingane – det handlar om å engasjere seg aktivt, investere tid og energi, og bidra til eit levande nettverk. Jo meir du legg inn, jo meir får du att, seier Sarah Cartwright.

Portrettbilde av Sarah Cartwright i lys, mønstret skjorte
Kurshaldar Sarah Cartwright trenar leiarar verda over, og har eit særleg hjarte for kvinner som jobbar med teknologi.

Praktisk informasjon

Programmet blir gjennomført både i Bergen og Kristiansand. Det har oppstart i januar og blir avslutta i juni 2027. Det vert to grupper i kvar by, med 12 kvinner per gruppe. I søknadskjemaet kan du velje kva datoar som passar best for deg.

Oppstart for Bergen: uke 2, januar 2027

Oppstart for Kristiansand: uke 4, januar 2027

Anna praktisk info:

  • Tre fysiske samlingsdagar
  • Fire digitale samlingar
  • Kurset er gratis
  • Program og coaching vil gå føre seg på engelsk. Du må derfor beherske engelsk for å få utbytte av programmet.

Søknadsperiode: 01.–25. oktober

Søk her


Women in Tech er utvikla av Agenda Vestlandet. Programmet er støtta av Sparebanken Norge-stiftingane Agenda Vestlandet og Agenda Sørlandet.

Tre kvinner står foran en vegg med vertikale trespiler og ler sammen under en livlig samtale.

Kvifor treng vi Women in Tech?

Lær meir om bakgrunnen for programmet og erfaringane til tidlegare deltakarar.

Spørsmål?

Kontakt