En person går langs vannkanten på en bred sandstrand, med bølger i havet og en pastellfarget himmel i bakgrunnen.

Kva støttar vi?

Tildelings-område

  • Idear for framtida
  • Kunnskap for framtida
  • Fellesskap for framtida

Agenda Vestlandet skal bidra til ny vekst i regionen og deler ut midlar der vi kan skape positiv endring for menneske og næringsliv på Vestlandet. Her kan du bli kjend med våre tre tildelingsområde.

Idear for framtida

Føremål

Agenda Vestlandet skal bidra til verdiskaping, innovasjon og nye arbeidsplassar på Vestlandet gjennom å styrkje entreprenørskap og konkurransekraft i næringslivet.


Vi støttar innovasjon som byggjer framtidas næringsliv.

Vestlandet er i rørsle. Næringslivet står midt i ei djup omstilling som krev mot, nytenking og handlekraft. Støtta frå oss skal gjere det mogleg å starte tidlegare, våge meir og nå lenger.

Vi støttar prosjekt som bidreg til eit grønare samfunn, ny teknologi og meir entreprenørskap. Bidraget vårt kan redusere risikoen i oppstartsfasen, utløyse privat kapital og bidra til at fleire vestlandsverksemder lukkast.

Saman kan vi byggje konkurransekraft, løyse samfunnsutfordringar og skape nye arbeidsplassar på Vestlandet.


Vi støttar:

  • prosjekt med tydeleg regional forankring og verdiskapingspotensial
  • tiltak som bidreg til innovasjon eller nye forretningsmodellar
  • initiativ som kan utløyse privat kapital eller annan ekstern finansiering
  • selskap og program i tidleg fase eller vekstfase med gjennomføringsevne
  • prosjekt med tydeleg samfunnsnytte

Prosjekta må bidra til:

  • auka verdiskaping og/eller nye arbeidsplassar
  • styrkt konkurransekraft og innovasjonsevne
  • grøn omstilling
  • å byggje kunnskap og erfaring som kjem samfunnet til gode
  • samarbeid på tvers av bransjar og geografi

Vi kan ikkje

  • gi tilskot til investeringsprosjekt utan samfunnseffekt
  • gi tilskot til enkeltpersonar
  • gå inn som eigenkapitalinvestor eller ta eigarskap i selskap
  • støtte prosjekt utan regional forankring eller samfunnsnytte
  • dekkje tiltak som gir privatøkonomisk gevinst utan breiare effekt
  • støtte kommersielle selskap

Kunnskap for framtida

Føremål

Agenda Vestlandet skal bidra til å styrkje kompetansen, samarbeidet og omstillingsevna i regionen gjennom kunnskapsutvikling, kunnskapsdeling og nettverksbygging.

Vi støttar forsking og utvikling som styrkjer konkurransekrafta.

Skal næringslivet på Vestlandet lukkast, må forsking og utvikling få kraft, retning og rom til å vekse. Kloke hovud må møtast, og ny kunnskap må delast slik at heile samfunnet kan dra nytte av han.

Støtta frå oss skal leggje til rette for nye band, samarbeid og alliansar på tvers av sektorar og geografi.

Saman styrkjer vi kunnskapsbasert utvikling og aukar vår felles konkurransekraft og forståing av verda rundt oss.

Vi støttar

  • tiltak som utviklar eller formidlar kunnskap for næringsliv og samfunn
  • møteplassar og nettverk med fagleg innhald og regional relevans
    prosjekt som koplar akademia, næringsliv og offentleg sektor
  • forsking som kan bidra til nye forretningsmodellar eller nye verksemder
  • prosjekt som byggjer nettverk og styrkjer samarbeid

Prosjekta må bidra til

  • auka kompetanse og innsikt
  • styrkt samarbeid og relasjonar på tvers av sektorar og regionar
  • konkret og anvendeleg kunnskap som bidreg til omstilling eller utvikling
  • dokumentert rekkevidde og effekt

Vi kan ikkje

  • støtte marknadsføringstiltak utan fagleg innhald
  • finansiere lukka arrangement utan brei regional relevans
  • dekkje ordinær drift i organisasjonar utan tydeleg prosjektavgrensing
  • støtte tiltak utan plan for deling, dokumentasjon eller vidareføring

Fellesskap for framtida

Føremål

Agenda Vestlandet skal bidra til å styrkje inkludering, sosial mobilitet og deltaking i regionen gjennom tiltak som byggjer fellesskap og senkar tersklane til arbeid, utdanning og samfunnsliv.

Vi støttar tiltak som senkar tersklane til arbeid, kompetanse og deltaking

Vestlandet treng alle. For mange står utanfor arbeid, utdanning og fellesskap, samstundes som verksemdene har stort behov for arbeidskraft og kompetanse. Støtta frå oss skal gjere det lettare å kome i gang og finne sin plass.

Vi støttar tiltak som fjernar barrierar, opnar dører og gir fleire menneske moglegheit til å delta i samfunns- og næringslivet. Bidraget vårt kan redusere utanforskap, styrkje ferdigheiter og bidra til at fleire menneske og verksemder finn kvarandre.

Saman byggjer vi ein region der fleire bidreg, fleire høyrer til og fleire lukkast.

Vi støttar

  • tiltak som senkar tersklane til arbeid, utdanning og deltaking i samfunnet
  • prosjekt som byggjer fellesskap og sosial samanhengskraft
  • satsingar som fremjar inkludering av menneske i utsette eller marginaliserte situasjonar
  • tiltak som styrkjer sosial mobilitet
  • tiltak som styrkjer den demokratiske grunnmuren i samfunnet

Prosjekta må bidra til

  • auka deltaking og inkludering i arbeidslivet
  • sosial mobilitet og sterkare samfunnstilknyting
  • styrkt samarbeid på tvers av sektorar og aktørar
  • dokumentert effekt på inkludering og deltaking

Vi kan ikkje

  • støtte tiltak som favoriserer enkelte grupper på kostnad av andre
  • finansiere ordinær drift i organisasjonar
  • støtte tiltak utan forankring i næringslivet eller eit regionalt behov
  • støtte tiltak som i hovudsak er det offentlege sitt ansvar

Spørsmål om våre tildelinger?

Spørsmål om tildelinger?

En mann med rød lue ser ut gjennom et rundt koøye på et skip, der urolig blått hav slår mot vinduet.

Prosjekt vi støttar

Agenda Vestlandet er ei stifting oppretta av Sparebanken Norge og støttar nye idear, ny kunnskap og nye fellesskap i vest.