Neste generasjons industri og arbeidsplassar skal byggjast, fornybarsamfunnet skal formast. Sjølv om Vestlandet har unike naturressursar og teknologiske fortrinn, krev den internasjonale konkurransen om nye marknadsposisjonar eit sterkt, regionalt samarbeid på tvers av selskap og sektorar.

Difor har Sparebanken Vest oppretta stiftinga Agenda Vestlandet, og øyremerkt 300 millionar kroner til satsingar innan berekraft og grøn omstilling.

Frå preik til praksis

Det vert stadig meir synleg, korleis omstillinga til ny næringsutvikling, nye verdikjeder og nye tankesett skyt fart rundt oss. Dei siste to åra har Vestlandsmeldinga analysert og konkretisert det store potensialet for framtidig verdiskaping som finst her vest.

No handlar det om å gå frå preik til praksis, og vi har inga tid å miste.

Fleire av våre naboland tar ein tydeleg posisjon på fornybarfeltet, og den internasjonale konkurransen hardnar til for fullt. EU investere heile 1000 milliardar euro gjennom sin vekstpakke Green Deal, og med dette får også vi på Vestlandet heilt nye rammevilkår for vår framtidige handel og verdiskaping.

Det er opp til oss å forstå at Vestlandet har alle føresetnader for å skape eit nytt og bærekraftig energieventyr.

Siren Sundland
Siren Sundland Siren Sundland, konserndirektør i Sparebanken Norge og styreleiar i Agenda Vestlandet.

Vår tids viktigaste oppgåve

Aldri før har Vestlandet og verda rundt oss stått ovanfor ei vanskelegare og viktigare oppgåve:

Å endre vårt næringsliv, vårt samfunn og vårt eige tankesett tidsnok til å møte dei utfordringane og dei moglegheitene som følgjer av omstillinga til framtidas fornybarsamfunn.

Det er opp til oss å forstå at Vestlandet har alle føresetnader for å skape eit nytt og bærekraftig energieventyr. Det er opp til oss å tru på at vestlendingar kan vise veg i overgangen til lavutslippssamfunnet. Det er opp til oss å sikre at Vestlandet vinn posisjonen som verdsleiande eksportør av maritim kompetanse og teknologi.

Det finst ingen andre å peike på

Det er vi vestlendingar som må gjere den viktigaste jobben av alle: Å halde fast ved trua på at vi kan skape noko betre. Saman.

Sentrale initiativ

Agenda Vestlandet står bak ei rekke prosjekt som på ulike felt har som mål å styrke regionen for framtida. Stiftinga står også bak fleire sentrale initiativ.

Vestlandskonferansen: Har vakse fram som årets viktigaste møteplass for diskusjonar mellom næringsliv, politikk og akademia. Dei siste to åra har heile 1500 tatt del i konferansen, og nærmare 5000 såg Vestlandskonferansen 2020 på stream.

VOLUM: Konferansen og møteplassen for deg som elskar design, teknologi og kreativitet. No med arrangementar i både Bergen og Kristiansand.

Næringsindeksen: Tar pulsen på marknadsutsiktene hos våre verksemder på Noreg, fire gonger i året.