Etter Vestlandskonferansen i 2023, som hadde «Handlekraft» som tema, var responsen frå deltakarane unison: Vi må styrke samarbeidet på Vestlandet for å sikre omstillingskrafta i Noreg. Difor inviterer Agenda Vestlandet 100 handlekraftige leiarar til å tenkje saman om korleis vi kan løyse utfordringane som regionen står ovanfor.

– Vi treng fleire handlekraftige aktørar som torer å gå «the extra mile» for å få til omstillinga. Det blir tydelegare og tydelegare for meg at ingen kan få det til aleine. Vi må handle og vi må gjere det saman.

Det seier Montserrat Telseth, divisjonsdirektør for tekniske system og berekraft i Ramboll, og deltakar i Handlekraftprogrammet.

Engasjerte tilhørere i en sal


The Power of Us

Gjennom fleire samlingar får deltakarane ny innsikt i korleis ein skaper betre samarbeid på tvers av ulike grupper og interesser, og praktisk trening i korleis få gjennomslag for det som ein brenn for.

Samlingane vert leiar av psykologiprofessor Jay Van Bavel, og leiarspesialist Sarah Cartwright. Van Bavel er ekspert på makta som ligg i felles identitet, og han inspirerte Vestlandskonferansen 2023 med sin Key Note om The Power of Us. I Handlekraftprogrammet legg han vekt på korleis hente fram krafta i felleskapet.

– I det kollektive OSS ligg ei utemd kraft. Det er ikkje lenger så interessant å spørje seg «kven er eg?». No gjeld det å spørje «kven vil eg vere?», seier han.

Mann i svart skjorte snakker foran en presentasjon med bilde av en sportsstadion.
Jay Van Bavel snakka om korleis hente fram krafta i fellesskapet.

The Power of action

Britiske Sarah Cartwright hjelper leiarar i alt frå Microsoft til Goldman Sachs med å utvikle sjølvtillit og innflyting. Ho er også kvinna bak det svært populære leiarutviklingsprogrammet vårt Women in Tech. Ferdigheiter som klarheit og autensitet kan trenast opp, og om ein meistrar desse vil det vere lettare å få ekte gjennomslag, hevdar ho.

– Arbeidet mitt handlar om å kjenne igjen individuelle styrkar, og hjelpe folk med å utvikle desse slik at dei kan prestere som den beste versjonen av seg sjølv, seier ho.

To kvinner snakker sammen og ler.
Leiarspesialist Sara Cartwright og styreleiar i Agenda Vestlandet, Siren Sundland.

Handlekraft gjennom samarbeid

– Veldig mange snakkar om samarbeid, men samarbeid er ganske vanskeleg i praksis. Vi treng å ha tillit til kvarandre, å ha tillit til at du vil meg like godt som eg vil meg sjølv. Samarbeid er noko vi må prøve meir ut, og kanskje snakke mindre om.

Det seier deltakar på Handlekraftprogrammet, Oda Bjerkan. Ho er direktør for regional utvikling i UN Global Compact Norge.

– Handlekraft skjer nettopp når små og mellomstore verksemder går saman om å løyse utfordringar, fordi dei skjøner at dei ikkje vil klare å løyse dei ein og ein. Det er definitivt eit massivt behov for mobilisering og samarbeid i næringslivet for å nå berekraftsmåla og oppretthalde god forretningsstandard og drift.

Tre kvinner snakker sammen.
Gjennom fleire samlingar blir deltakarane kjend med andre leiarar frå Vestlandet.

– Handlekraft handlar om at flinke folk klarer å mobilisere andre flinke folk til å jobbe mot felles mål. Målet med denne satsinga er å styrke lagkjensla og skape større takhøgde i ei tid sterkt prega av polarisering. Det er ingen andre å peike på, vi må saman finne vegen vidare, seier styreleiar i Agenda Vestlandet, Siren Sundland.